onsdag 28. september 2011

Hilsen fra Jonne:)

Jonne slapper av midt på kjøkkengolvet, 2. dagen i vårt hus :)





Kosestund ute


Barna vi gjerne at Jonne skal være med å leke.


Hei!

Eg lovte å gi tilbakemelding til dykk på korleis det går med Jonne, her kjem endeleg nokre få ord. Jonne var trygg på oss voksne frå første stund og krølla seg rundt føttene våre og krevde sin kos! :)Jonne brukte litt tid på å finne ut kor han hadde våre 2 små ungar og dei 2 brukte også litt tid på å bli trygg på Jonne. No går dette veldig bra.


Jonne er den perfekte katt for våre ungar, som var ganske skeptisk og utrygg på dyr generelt. Han har aldri fresa, aldri klora eller bitt nokon enda. Han viser med kroppsspråk at han er litt utilpass og då ruslar han stille vekk. Han toler ganske mykje, men ungane er alltid snill med han. Vår minstemann på 2 år kan sjølvsagt ikkje alltid kontrollere kor hardt han kan kose på pusen alltid, men Jonne er vidunderlig til å takle dette. Storejenta var/er mest redd og var veldig stolt av å ha katt og glad i han, men likevel var ho mange gongar overbevist om at vi måtte levere han tilbake, med tårer i augene, då ho helst satt øvst oppe på ein stol dei første vekene. No klapper ho han så lengje han ligg roleg, opnar gjerne døra for han og gir han mat, ho har til og med dikta song om han, som ho syng når vi forlater han for barnehagen om morgonen ;)


Jonne er mykje ute, heile dagen mens vi er på arbeid og barnehage og gjerneutover kvelden også. Han held seg mest i nærleiken av eigedommen vår, som er ei stor og fri gårdstomt med skog og åkrer. Vi ropar han inn til kvelden og då er han stort sett på plass ganske fort. Han er veldig rutinert på kva vi forventer av han.


Søv på slagbenken i gangen på pleddet sitt (senga til pusen, som ungane kallar det) om natta, vil gjerne ut på morgonen. Kjem fort inn ein tur for å ete litt på ettermiddagen, men vil gjerne ut att. På kvelden etter at ungane har lagt seg og han er kome inn, legg han seg gjerne på sofaen mens vi ser litt tv. Han er kosete og lite selektiv på kven som gir han kosen, men nekter å liggje i fang. Han legg seg helst for seg sjølv,men nyter tydeleg når vi kjem til han for å kose og klappe :)

Familien på 5 har det fint saman! :)


Tusen takk for at vi fekk bli kjent med Jonne!


Mvh

Anne Grete




Ingen kommentarer: